Deilig, 70% myrk sjokolade smaksatt med tyttebær og eit dryss av reinsdyrlav over! Dette er verkeleg sjokolade med nordiske smakar, og sjølvsagt 100% økologisk.
Som all anna sjokolade frå Fjåk har denne og vunne fleire, internasjonale prisar:
Academy of Chocolate Awards 2108, BRONZE
Great Taste Awards 2018, 1 Gold star
International Chocolate Awards 2018, BRONZE
Fjåk består av to damer som held til ved Hardangerfjorden, og er dei fyrste i Noreg til å laga såkalla "bean to bar" sjokolade. Frå kakaobønner av høg kvalitet lagar dei kakao, og blandar med dei beste, norske råvarer, slik som tyttebær, blåbær, brunost og meir. Fjåk har vunne fleire, internasjonale medaljer dei siste åra!